Sopran Nora Oleanne SårheimFoto: Stian Alexander Olsen
25. oktober kl. 14:30 Gamle Raadhus Scene

Nora og Olga

Duo
Showcase

Musikk til maten?

Kva med ei fullstendig operaoppleving til måltidet?

Sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Olga Jørgensen serverer herlege operahighlights i mellom rettane.  Skap ei unik oppleving på ein ny arena; desse to artistane og entertainarane veit å treffe publikum både i hjartet og lattermusklaturen!  Med tekstar på klingande nynorsk, historier om musikken og komponistane og alt tett knytta opp i tema for kva som er både i glas og på tallerken: Det er utvilsomt dekka opp til ein festkveld utanom det vanlege!  

Her er det berre å nyte med alle sansar!

Nora Oleanne SårheimSopran

Nora Oleanne Sårheim har sine mastergrader ifrå Griegakademiet i Bergen og Operahøgskolen i Oslo.  Ved sida av sitt virke som operasongar og arbeidet som kunstnarleg ansvarleg for både OratorieSolistene og OperaKysten (Florø), gjendiktar den vestlandske sopranen opera og klassiske perler i nynorske versjonar.

Olga JørgensenPiano

Polsk-norske Olga Jørgensen er utdanna frå Royal Academy of Music (London) og Norges musikkhøgskole og er ein svært ettertrakta pianist og akkompagnatør både i inn og utland. 

Eirik Haug Stømner stepper inn for Olga Jørgensen.

Om programmet

Nora Oleanne Sårheim har sine mastergrader ifrå Griegakademiet i Bergen og Operahøgskolen i Oslo.  Ved sida av sitt virke som operasongar og arbeidet som kunstnarleg ansvarleg for både OratorieSolistene og OperaKysten (Florø), gjendiktar den vestlandske sopranen opera og klassiske perler i nynorske versjonar.  Polsk-norske Olga Jørgensen er utdanna frå Royal Academy of Music (London) og Norges musikkhøgskole og er ein svært ettertrakta pianist og akkompagnatør både i inn og utland.  Nora og Olga starta sitt samarbeid i studietida, og hadde rukke å bli godt samspelte før dei hadde sitt fyrste større prosjekt saman med «Opera ved havet» – ein turné med eit maritimt tema i 2024.  No er dei klare for nye musikalske utfordringar og ser fram til å spele nynorske operasvisker for eit nytt publikum!

Besetning

Nora Oleanne SårheimSopran
Olga JørgensenPiano

Nyhetsbrev